top of page

Satsar friskt i Leirvik i Sogn

- Tidlegare tilsette hjå Havyard Leirvik AS skipar eige firma!

Da nedbemanninga ved Havyard-verftet i Leirvik var eit faktum, tok dei tilsette i elektroavdelinga grep. Dei var ein del av eit sterkt og konkurransedyktig elektro- og instrumenteringsmiljø, som dei ønska å ta vare på og utvikle vidare. Dei ønska ikkje at verdifull kunnskap og kompetanse skulle forsvinne ut av bygda.


Med lokalt tilsette og lokale eigarar vil nyskipa YS Elektro AS være ein total leverandør innan prosjektering, bygging, oppstart og drift av maritime og marine industri. Ein tek sikte på å både behalde eksisterande kundar innan verft/rederi og få nye oppdrag innan anna marin industri. Nyskipa YS Elektro AS vil vere ein rein elektro- og instrumenteringsverksemd. Dei vil også vere ein underleverandør til sin tidlegare arbeidsgjevar Havyard.


Styreleiar John Sverre Øen, seier at «dette blir meir enn berre ein arbeidsplass – 10 av dei tilsette går inn som eigarar. Dei ser alle verdien av lokal eigarstruktur, og at dei tilsette ingeniørane, elektromontørane og automatikarane er bedriftas viktigaste ressurs. På sikt ynskjer vi å bli ein godkjent lærebedrift, og ein attraktiv arbeidsstad for nye dyktige fagfolk i eit framtidsretta yrke».

YS Elektro AS vil også satse på produktutvikling og levere effektive system innan marin og maritim næring. Her under eit aktiv forhald til den grøne skiftet med fokus på energieffektivitet, elektrifisering og alternative energiformer.


Ordførar Kjell Eide er jublar over satsingsviljen hjå kommunens innbyggjarar!

"Den nye verksemda vil ha tilsette med lang erfaring innan maritim industri og fokus på innovative løysningar, som kan hjelpe maritim og marin næring gjennom det grøne skiftet". – Ordførar Kjell Eide
 


bottom of page